Posisjonen og opposisjonspartia la fram sine budsjettforslag i formannskapsmøtet på Herøy vgs. tysdag:

Høgre vil bruke over 250 mill. på ny skule

Under formannskapet i Herøy tysdag var det duka for budsjetthandsaming. Sjølv om den store debatten let vente på se, reiste opposisjonen, Høgre og Frp, fleire kritiske spørsmål til det forslaget posisjonspartia allereie har blitt samde om.

Karl-Oskar Sævik (Frp) og Tine Storøy (H): Opposisjonen vil investere fleire hundre millionar i ny Bergsøy skule.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Då budsjettet for 2021 og økonomiplanen for dei fire neste åra skulle diskuterast i formannskapet tysdag, var det Camilla Storøy (KrF) som innleia diskusjonen. Ho la fram eit alternativ til kommunedirektøren sitt budsjettforslag, eit alternativ som Arbeidarpartiet, KrF, Folkelista og Senterpartiet allereie har blitt samde om.

– Eigentleg hadde vi ønskje om at alle skulle kunne bli samde om eit framlegg, men vi innsåg fort at det ville bli vanskeleg. Vårt ønskje nummer to var deretter at vi som samarbeider skulle bli samde, og det har vi klart, sa Storøy og takka kommunedirektøren og dei andre partia for ein god prosess.


Slik skal posisjonspartia i Herøy bruke pengar og kutte dei neste åra:

Slik skal posisjonspartia i Herøy bruke pengar og kutte dei neste åra

Posisjonspartia i Herøy har blitt samde om eit felles forslag til neste års budsjett, og økonomiplan for dei komande fire åra. – Ein fin balanse mellom både mjuke og harde verdiar, konkluderer samarbeidspartia.


– Her skal alle gode innspel på bordet

Deretter gjekk ho laus på korleis dei har prioritert annleis enn kommunedirektøren. Sjølv om mykje er likt, er der fleire saker som skil seg ut. Det har Vestlandsnytt allereie omtala i detalj i førre avis, og vi vil derfor ikkje repetere for mykje. Nokre store forskjellar nemner vi likevel. Posisjonen ønskjer i løpet av dei neste åra å etablere eit heilt nytt ressurssenter i Herøy der ein vil samle viktige funksjonar og nye tilbod i kommunen, ei satsing dei ønskjer å investere over 50 millionar i. Innhaldet i senteret vil ein ha ein nærare politisk prosess på, men innhald som er skissert er tilrettelagde arbeidsplassar, dagsenter, eit planlagt og varsla industrikjøken for omsorgssenteret, eit kafé-tilbod, bustadar og vaskeri.

– Her skal alle gode innspel på bordet, sa Storøy om denne satsinga.

Elles legg posisjonen pengar i å etablere fleire bustadar i Dragsund og i Stokksund. Dei vil auke med to lærlingplassar, sikre kommunepsykologen for barn og unge, kutte i fagdagar i helse- og omsorgssektoren, etablere kaier på Mjølstaneset for rett under 60 mill. og ha ein ny innfartsveg til Kvalsvika.

I samband med dette referatet er det også relevant å trekke fram to budsjettpostar. For det fyrste vil posisjonen prioritere utdjuping av Fosnavåg hamn, og budsjetterer med like i underkant 108 millionar. Det er 50 millionar mindre enn kommunedirektøren i sitt framlegg. For det andre har posisjonen lagt inn pengar, om lag 23 millionar, til etablering av ein ny skule på Bergsøya for 5–7. klassetrinn.

Camilla Storøy: KrF-politikaren tok på seg jobben med å presentere posisjonen sitt budsjettframlegg.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Demokratiet kostar

Etter at posisjonen sitt framlegg var gjennomgått var det tid for opposisjonen sine forslag. Fyrst ut var Tine Storøy for Høgre. Ho innleia som Camilla med å skryte av ein god budsjettprosess i år. Deretter gjekk ho i gang med å forklare korleis deira budsjett skil seg ut.

– Fyrst så har Herøy Høgre ikkje tatt med redusert møteverksemd i politiske organ i 2021. Det er ikkje noko poeng å spare pengar på det faktum at vi skal gjennom ei omorganisering. Målet er betre tenester og politisk organisering, ikkje å spare pengar, demokratiet kostar og det skal ikkje sparast her før vi veit korleis vi skal organisere oss, innleia Storøy.

Vidare sa Storøy at dei som posisjonen har gått vekk frå skulenedlegging på Moltu, og sa at det her må gjerast ein skikkeleg prosess før ein avgjer noko. Dei var også glade for at ein ikkje har teke vekk kommunepsykologen for barn og unge og at ein ikkje kuttar i lærlingplassar. Noko dei derimot var usamde med posisjonen i, er reduksjonen av fagdagane i helse og omsorg. Desse har dei, som kommunedirektøren, føreslått å behalde i budsjettet.

Effektivisering av kinoen og Fosnavåg konserthus

Høgre har lagt inn at dei ønskjer ei effektivisering av Fosnavåg konserthus og kino, der det ligg inne ei varig innsparing på 500.000 kroner.

Anna tilnærming til kaier

Om kaier på Mjølstaneset kom det nok ikkje som noko sjokk at Høgre er positive til løyvinga som kommunedirektøren har lagt inn, på i underkant av 60 millionar kroner.

– Men vi har ei litt anna tilnærming der vi håper kommunen vil gå i dialog med næringslivet for å sjå moglegheitene for å samarbeide om utbygginga og investeringa, sa Storøy.

Vil bruke 253 millionar på ny skule

Av dei meir ambisiøse investeringsønska til Høgre er planleggingsmidlar til glastak over deler av sentrum tatt med, for ikkje å nemne gratis skuleskyss til alle elevar som har utrygg skuleveg.

Den største investeringa til Høgre ligg utvilsam i deira ønskje om å bygge ny Bergsøy skule, noko dei har sett av heile 253 millionar til.

Herøy Frp med tung skuleinvestering også

Karl-Oskar Sævik la i sitt innlegg fram at dei i sitt budsjettforslag har valt å legge seg nærare kommunedirektøren si linje, med fokus på å få ned driftskostnadane. I motsetning til andre vil Frp faktisk sette inn pengar på disposisjonsfondet dei to komande åra, 2,7 og 3,7 millionar. Litt investeringar har dei likevel lagt inn. Dei har som Høgre sett av pengar til ny Bergsøy skule, då ein litt lågare sum, 202 millionar kroner. Den andre og siste investeringa Frp har ønskje om å ha inn er ei ny avlasting for barn til ein samla sum på 20,5 millionar. Det er elles noko Høgre også har avsett pengar til, om då berre til planlegging.

Utover det er Frp sine investeringar lik kommunedirektøren sitt framlegg.

Frp vil legge ned skulen på Moltu

Frp-politikaren la vidare fram at dei i sitt forlag aukar finanskostnadane, og at dei ikkje aukar planleggingstid for pedagogiske leiarar i barnehagane. Han vil også – som posisjonen – redusere i fagdagane i helse og omsorg, og føreslår to året. Han samanlikna då Herøy opp med nabokommunane, og sa at Herøy med dette var vel så gode.

Deretter kom Sævik inn på det som for mange er eit sårt tema. Skulesamanslåing på Moltu og Stokksund. Karl-Oskar peikte som kommunedirektøren på at dette var eit ønskt tiltak dei vil prioritere.

– Dette er eit tiltak som ikkje kostar oss ei krone, men vi kan spare mykje, sa han.


Opposisjonen kritiske til fleire posisjonsframlegg:

– Får ikkje ny skule for 23 millionar

Etter budsjettframlegga var presenterte av både posisjonspartia og Høgre og Frp, oppstod det ikkje uventa diskusjon kring framlegga.