Vanskeleg å få gjort om kyrkjebenkvedtak

Kyrkjer og konsertarrangørar er i harnisk. Men livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) trur det omstridde kyrkjebenkvedtaket blir ståande.

Sande kyrkje: Det vert verken lysmesse eller tradisjonelle julekonsertar framfor den komande høgtida, slik vi kjenner dei.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Eg skulle veldig gjerne ha ønskt at vi kunne ha fleire i kyrkjeromma. Samtidig er smittesituasjonen veldig alvorleg, og faglege styresmakter har vore tydelege på at når det gjeld fastmonterte sete, så må ein ha den same definisjonen over alt.