Person påkøyrd i Fosnavåg

Ein person er påkøyrd ved Myklebustvegen onsdag kveld.

Ulukkesstaden: Ulukka skjedde på gangfeltet ved solsenteret og Spar på Myklebust.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Ulykka har skjedd ved Spar-butikken på Myklebust. Ein person, ein mann i 50-åra, skal vere påkøyrt i gangfeltet. Vedkommande er frakta frå staden med ambulanse, opplyser politiet. Skadeomfanget er på noverande tidspunkt ukjent.