Eit nytt koronatilfelle er påvist i Herøy

Ein utanlandsk arbeidar, busett i Herøy, har testa positivt på Covid-19, meldar kommunen onsdag formiddag. Personen kom til Herøy 09.11.20, har vore i innreisekarantene, og testa altså positivt no.

Korona Covid-19 

Nyhende

Det er gjennomført smittesporing og ein person, også utanlandsk arbeidstakar, er sett i smittekarantene. Det er oppretta kontakt med arbeidsgjevar og situasjonen er så langt oversiktleg og avklara, opplyser kommuneoverlegen.