Herøy kommune skal eige Herøy gard:

Avviser samarbeidsavtale

Det er ikkje aktuelt for Herøy kommune å gi frå seg eigarskapen til Herøy kystmuseum og samlingane på Herøy.

Lokal forankring: Kommunedirektøren meiner lokal forankring og frivillig innsats må vere ein viktig del av løysinga i den framtidige drifta og utviklinga av Herøy kystmuseum.  Foto: arkiv

Nyhende

Slik konkluderer kommunedirektøren, og rår politikarane til å avvise samarbeidsavtalen med Musea på Sunnmøre slik den er presentert, med overtaking av eigarskapen som ein heilt sentral føresetnad for den planlagde museumsfusjonen på Sunnmøre.