Sprek gjeng har stifta eigen løpeklubb på Moltu:

– Gir effekt å vere fleire

Eit heilt ferskt initiativ på Moltu slår eit slag for både det nyopna friidrettsanlegget og folkehelsa. No håper dei på medlemsvekst, for i Søre Luten Løpeklubb treng ein korkje kompresjonstights eller kondis for å vere med.

Løpeklubben: Her ser vi gjengen som var i sving då vi vitja kveldstreninga førre onsdag. I deira Facebook-gruppe har dei godt over 20 medlem og håper på endå fleire.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Det er sosialt og dørstokkmila blir litt kortare når ein samlar seg.

Åge Falk Gundersen
Nyhende

– Nei, her er det ope for alle. Dette handlar ikkje om å konkurrere på tid, men å utfordre seg sjølv.