Uroa over bølgje av skadeverk ved skular i Herøy

- Vi ser svært alvorleg på det som har skjedd, og politiet har sett i verk undersøking i alle sakene.

Uroa over skadeverk: Framme frå venstre: Kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, og rektor ved Leikanger skule, Norunn Lindvik Velsvik. Bak frå venstre: Tore Tangen som er rektor ved Stokksund skule, Robert Myklebust som er leiar ved eigedomsavdelinga i Herøy kommune, Åse Bårdsnes Dypvik som er rektor ved Moltu skule.  Foto: Iselin Øvrelid/Herøy kommune

Nyhende

Det seier leiar for eigedomsavdelinga, Robert Myklebust i ei pressemelding frå Herøy kommune, etter at det i helga var gjort skadeverk både ved Leikanger skule/barnehage, Moltu skule og Stokksund skule.

No går kommunalsjef for oppvekst, rektorane og eigedomsleiar i Herøy kommune breitt ut for å gjere lokalbefolkninga merksam på problemet.

Gjentekne hendingar siste tida

Ved Leikanger skule/barnehage sit ein att med tagging og skadeverk på fasaden. På Moltu har det vore tagging på skulebygg og skadeverk på rastebord. På Stokksund har det vore folk på taket.

Siste halvår har ein hatt fleire liknande hendingar ved Stokksund skule, med blant anna ruteknusing, forsøk på innbrot og skadeverk inne på skulen.

– Vi har nulltoleranse for skadeverk i Herøy kommune, og alle saker vert melde til politiet, legg Robert Myklebust til.

Skadeverk på fasaden til Leikanger skule.  Foto: Privat

Utryggleik i skulemiljøet

Kommunalsjef for oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, påpeikar at det medfører ei utryggleik i skulemiljøet når slike hendingar skjer.

– Det er heilt klart negativt både for økonomi og skulemiljø. Derfor er det viktig at vi får saka oppklart og at ein får halde fram med å bygge det positive skulemiljøet som vi heile tida arbeider for å ha ved skulane i Herøy, seier kommunalsjefen i pressemeldinga.

– Foreldre er aktivt med på dugnad på fritida, og då er det trist at arbeidstimar vert forgjeves og at ting vert øydelagde. Likevel er det verre at ungane blir redde av slike hendingar. Mange kjensler speler inn, legg Åse Bårdsnes Dypvik til, rektor ved Moltu skule.

Ber om tips

Kommunalsjef for oppvekst, rektorane og leiar for eigedomsavdelinga oppmodar alle som har konkrete tips i sakene om å melde frå til rektor eller direkte til politiet.

Dei understrekar at alle som likar å opphalde seg på skuleområdet for å leike seg sjølvsagt må få halde fram med det.

– Vi må få sakene oppklara, men unngå ryktespreiing i lokalsamfunna våre, kommenter rektor ved Leikanger skule, Norunn Lindvik Velsvik.

– Slike hendingar som vi opplever no, bekymrar oss. Det er alle grendeskular som no er ramma, og vi ønskjer å vere viktige for bygdene, men vi treng hjelp til å gjere grendeskulane våre gode. Då kan vi ikkje ha slike episodar til stadigheit, avsluttar Tore Tangen, rektor ved Stokksund skule.