Ei annleis skuleveke på Gursken oppvekstsenter

Tema: Livsmeistring

Ei slik slik skuleveke med fokus på viktige ting ein møter i kvardagen har elevane truleg sjeldan hatt før – men jammen så nyttig det var!

Politibesøk: Politioverbetjent Pål Inge Olsen, som jobbar mykje med førebyggande arbeid blant unge på Søre Sunnmøre, snakka med ungdomsskuleelevane om mellom anna nettvett og sosiale media. Her ser vi han med ei gruppe niandeklassingar.   Foto: Privat

Folkehelse og livsmeistring
  • Skal gi elevane kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som gir høve til å ta ansvarlege livsval.
  • Fokus på utvikling av sjølvbilde og trygg identitet.
  • Aktuelle område innanfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdival og betydninga av meining i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne setje grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, kjensler og relasjonar høyrer òg heime under dette temaet.
  • Kjelde: udir.no
Nyhende

Kvar dag gjer vi store og små val som påverkar liva våre. Det kan handle om helse, sosialliv, økonomi og mykje, mykje meir.

Dei vala ein gjer bør helst byggje på refleksjon og kunnskap, slik at ein ikkje endar opp med å gjere dårlege val. Med det nye tverrfaglege emnet «Folkehelse og livsmeistring» skal nettopp slik kunnskap ha mykje meir fokus i skulen enn han har hatt til no. Emnet er eitt av tre nye tverrfaglege tema i dei nye læreplanane som vart gjeldande frå 20. august i år.

– Med utgangspunkt i dette, hadde vi i veke 45 ei temaveke med fokus på kvardagslege utfordringar, fortel einingsleiar Marianne Solbjørg Ose.

Desse kom

Lærarane har hatt litt av ein jobb med å planlegge veka. I tillegg har mange andre aktørar bidrege. Ose fortel:

• Politioverbetjent Pål Inge Olsen snakka med ungdomstrinnet om det å vere ung. Han hadde mykje fokus på nettvett og bruk av sosiale media.

• Kommunepsykolog Thomas Brandal Myklebust var innom 7. til 10. trinn. Han snakka mellom anna om at den viktigaste verktøykassa for å meistre livet er dei rundt deg; familie, venner og lærarar. Korleis påverkar pandemien oss? Han fokuserte også litt på identitet, og bad elevane tenkje gjennom kven dei er og kva dei ønskjer.

• Sparebanken Møre hadde ei økt om personleg økonomi, med fokus på lån og sparing.

• Helsesjukepleiar Birgitte Sundgot Førre og leiande helsesjukepleiar Janne Helgøy Jonasmo i Sande kommune snakka mykje om å bry seg, sjå kvarandre og å passe på kvarandre.

• Håkon Vestnes frå Sande E-sport hadde ein digital skuletime i kvar klasse på ungdomstrinnet, der han prata med dei unge om mellom anna kva e-sport er, kva rutinar det er lurt å ha i høve til speling og litt om søvn.


E-sport-laget til Larsnes IL går så det susar – vi blei med dei på Pokémon-tur:

Populær satsing med store planar

Alt ifrå Minecraft-dataspel til Pokémon GO-tur engasjerer no over 50 medlemmar i den nyetablerte E-sport-satsinga til Larsnes IL, sjølv om dei berre så vidt har begynt.


• Anker Hagen frå ambulansetenesta prata til alle elevar og tilsette, og hadde ei eiga økt med førstehjelp. Heile skulen lærte litt om hjarte- og lungeredning og kva ein skal gjere når det skjer noko. Han snakka også om kor viktig det er at alle er vennlege med kvarandre.

Anker Hagen frå ambulansetenesta framfor engasjerte 1.- og 2.-klassingar.  Foto: Stine brune Lillebø

• Rullestolbasketspelar Jørn-Hugo Kjellstadli Johansen frå Larsnes vitja mellomsteget, der han fortalde om eigne erfaringar. Han snakka også om at vi alle er forskjellige, og om viktigheita av å vere ein god venn, å tole at andre er gode på noko og å rose kvarandre.

Vitja mellomsteget: Jørn-Hugo Kjellstadli Johansen.   Foto: Privat

• Susann Worren Hauge snakka med elevane om kva musikk tyder for oss, før ho hadde ein liten saksofon-konsert i gangen, slik at elevane kunne høyre musikken frå klasseromma sine.

Fekk frukt

– Det er éin ting du må få med, seier rektoren: – Tysdag fekk alle elevane kvart sitt beger med frukt og grønsaker og eit lite beger med dressing frå Joker Gursken.

Også det høyrer med til eit av emna under temaveka, nemleg kosthald.

Gode tilbakemeldingar

I tillegg til eit annles undervisningsopplegg med nemnde aktørar, hadde barneskulen også kor (med smittevernomsyn) og innspeling av NRK sin Blimed-dans. Dei såg også filmen «Innsiden ut».

Tilbakemeldingane frå elevane tyder på at dei er godt nøgde med opplegget. Det er også lærarane.

– Vi vil rette ein stor takk til dei som har vore på besøk. Det er kjekt å få besøk av dyktige og engasjerte personar. Det set både dei unge og vi vaksne pris på, avsluttar Marianne Solbjørg Ose.