Reagerer med stor undring og skuffelse til leikeplasskrav på Nerlandsøya:

– Det er meiningslaust

Eit krav om to leikeplassar, berre 100 meter frå kvarandre, i eit nye byggefelt på Nerlandsøya, er firkanta og hensiktslaust, meiner tiltakshavarane bak bustadfelt-satsinga. No håpar dei politikarane kan sjå på saka på nytt.

Terje Gjelseth og Karstein Sund: Dei to grunneigarane er kritiske til kravet om å måtte ha to leikeplassar i sitt nye bustadfelt på Nerlandsøya. Dei meiner ein må sjå forskjell på by og bygd, og meiner det er utan hensikt å sette opp to leikeplassar. Det dreg opp tomteprisen, legg beslag på areal til fire av tomtene og samstundes fryktar Sund og Gjelseth at ein av plassane berre blir å gro att, då folk truleg vil samle seg på ein plass uansett.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Av alt vi har møtt av problem med dette byggefeltet, trudde eg faktisk ikkje at Herøy kommune skulle stikke kjeppar i hjula på noverande tidspunkt. Dette blir for meg meiningslaust. Nok er nok!