Slik skal posisjonspartia i Herøy bruke pengar og kutte dei neste åra:

Millionar til ressurssenter, kai-satsing og Kvalsvik-veg

Posisjonspartia i Herøy har blitt samde om eit felles forslag til neste års budsjett, og økonomiplan for dei komande fire åra. – Ein fin balanse mellom både mjuke og harde verdiar, konkluderer samarbeidspartia.

Saman om forslaget: Posisjonspartia i Herøy reknar budsjettet som ferdig forhandla, allereie før det skal handsamast i formannskapet og kommunestyret. Dei er allereie samde om korleis pengane skal brukast. Dei er nøgde med å ha kome til einigheit om eit budsjett dei meiner balanserer godt mellom både harde og mjuke verdiar. F.v. Linn Therese Sævik, Richard Gjerde, Camilla Storøy, Gunn-Lise Voldsund, Frank Roy Moltu, Paul Johan Remøy, Bjarne Kvalsvik, Anne Kathrine Notøy, Bjørn Prytz og Svein Gjelseth.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Innleiingsvis må vi fyrst få uttrykke at vi er veldig nøgde med kommunedirektøren sitt arbeid. Han har teke våre signal under prosessen og jenka sitt forslag etter våre krav. Vi har fått vere tydelege og prosessen har vore god.