Ordføraren svara Kjell Runde om status for grunnkjøp i Dragsund:

– Lagt inn i budsjettet

I formannskapet denne veka svara ordføraren på Kjell Runde si etterlysing av å effektuere vedtaket om grunnkjøp i Dragsund. Pengane ligg no i budsjett og politisk sak er i kjømda, svarar Prytz.

Bjørn Prytz: Herøy-ordføraren kunne under formannskapsmøtet svare Kjell Runde (Folkelista) på kva som er status for det strategiske grunnkjøpet i Dragsund. 

Nyhende

I sitt svar til Folkelista-politikaren gav ordføraren greie for saksgangen. Det heile startar med at kommunestyret 19. juni 2019 gjorde vedtak om å kjøpe delar av Erling-Johann Dragsund sin eigedom i Myrvåg for kr 5.440.000. Kommuneadministrasjonen fekk då kommuneadvokaten til å utarbeide eit avtaleutkast hausten 2019, og inviterte Dragsund til møte for å signere avtalen.