Jamt i Utdanningsutvalet:

Mat og bygg både i Herøy og Ørsta

Både Herøy og Ørsta skal inntil vidare ha både restaurant- og matfag og bygg- og anleggsfag.

held fram: Fylkesutdanningsutvalet går for at Herøy vidaregåande skule framleis skal ha bygg- og anleggsfag, og at det framleis skal vere restaurant- og matfag i Ørsta. 

Nyhende

Dette er utdanningsutvalet i fylket si tilråding i spørsmålet om funksjonsfordeling mellom dei to vidaregåande skulane i Ørsta og Herøy. Frå fylkeskommunedirektøren vart utvalet tilrådd å gå for å samle bygg- og anleggsfaget i Ørsta, og tilsvarande for restaurant- og matfag ved skulen i Fosnavåg.