Ferjekaipengar kan brukast til vegbygging:

– Vi har tru på Safast

Anders Riise fekk med seg eit solid fleirtal i samferdselsutvalet på å kunne bruke ferjekaipengar til undersjøiske tunnelar i Sande.

Anders Riise: Kom med nytt forslag i saka om framdrifta til Sande Fastlandssamband. Sentralt er punktet om at ferjekaipengar kan leggast til grunn for finansieringa av sambandet. Eit punkt i innstillinga frå fylkskommunedirekltøren om at Safast «ikkje er sjølvfinansierande» vart stroke av fleirtalet i samferdselsutvalet. Pressefoto 

Nyhende

– Eg opplever det slik at det er sterk støtte mellom fylkespolitikarane til å la Safast få moglegheita til å prove at dei er eit sjølvfinansierande samband. Vi kjempar for prosjektet fordi vi har tru på Safast, seier Riise til Vestlandsnytt.