Formannskapet gir grønt lys for Lextor Marine i Torvik og vil samstundes tenke større:

– Bør sjå på heile området

Lextor Marine med Aasmund Torvik kan glede seg over at formannskapet no gir grønt lys for å starte reguleringsendringa for næringslivseigedomen hans i Torvika. Lokalpolitikarane signaliserte at ein utover det også bør sjå nærmare på moglegheitene i Torvika.

Tor Sindre steinsvik (h): Høgrepolitikaren var samd med varaordføraren i at ein burde sjå meir på potensialet i Torvik. Men no er det viktig at Lextor Marine får gjere sitt, påpeikte han. 

Nyhende

Formannskapet i Herøy stilte seg tysdag samrøystes bak kommunedirektøren si tilråding om å starte planarbeidet med reguleringsendring i Torvika. Målet er som kjent å utvide driftsarealet til Lextor Marine, delvis gjennom fysiske tiltak som etablering av nye bygg og mudring i den lokale bukta som er der, samt omregulering av dagens arealformål for å passe betre med eksisterande drift og tiltak som ynskjast utført på tomta. Tiltakshavar for detaljreguleringsarbeidet er Vikane Eigedom AS v/Aasmund Torvik, og planen vil bli utarbeida og framsett av plankonsulent B. Tarberg AS.