Onsdag: To nye koronasmitta personar i Sande

Onsdag 11. november opplyser Sande kommune om to nye smittetilfelle.

Importert smitte To nye arbeidarar frå utlandet er smitta av Covid-19 i Sande. Det eine smittetilfellet gjeld ein person som har vore i kommunen i to månader, og her er smittekjelda ukjend. 

Nyhende

Denne gongen er kommunen meir konkret i sin omtale av saka.

- Det er arbeidarar som har kome frå utlandet og jobbar i næringslivet. Den eine er arbeidar som kom frå Polen 6. november. Testa positivt på flyplass ved ankomst Norge. Sit no i isolasjon, nærkontakter sit i karantene og blir testa i dag, heiter det frå kommunen onsdag.

Ukjend kjelde på andremann

Den andre personen er også ein utanlandsk arbeidar, men vedkomande har vore i Norge i to månadar.

Her vert det opplyst at alle nærkontakter er i karantene, og vert testa onsdag. Og: "Smittekjelde ukjend".

Sande kommune, som fortel at begge personane kom til Sande før dei nye karantenereglane vart sette i verk 9. november, legg til at det vert jobba med smittesporing i tett samarbeid med arbeidsgjevar.

- Det er grunn til enno ein gong å minne om at dei viktigaste juleførebuingane vi gjer i år er å følgje dei smittevernsråda som er gitt. Slik kan vi hindre smitte, halde sjukehusa opne for andre som treng anna helsehjelp og få feire jul med litt lavare trykk i helseinstitusjonane våre, skriv kommunen på sine nettsider.