– Dei ligg ute på gata

Medan mange skular arrangerte skuleløp og anna til inntekt for TV-aksjonen, hadde denne gjengen sin eigen innsamlingsaksjon.

6. trinn: Sjet­te­klas­sin­ga­ne ved Bergs­øy sku­le avd. Bor­ga samla inn to­talt 7.329 kro­ner til inn­tekt for Moria-flykt­nin­ga­ne.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Vi har lært at flyktningane må ligge ganske masse ute på gata eller vere i småtelt. Dei har ikkje nok pengar til mat, seier Gabriel Bøe Moltu.

– Det er ganske trist, seier Victoria Brekke Bostad.

– Det er fint å kunne hjelpe, meiner Noah Sævik.

I haust har dei tre og resten av 6.-klassingane på Bergsøy skule, avd. Borga lært om Moria-flyktningane på skulen. Då det brann i Moria-leiren såg dei mellom anna ein TV-reportasje derifrå – og det gjorde sterkt inntrykk.

– Vi fann ut at dette måtte vi gjere noko med, så då byrja vi å samle inn pengar, seier klasselærar Inger Nerem Moltumyr.

Springing, tomflasker og strikkeoppskrifter

Koronarestriksjonane, i tillegg til omsynet til ikkje å legge økonomisk press på enkeltfamiliar, gjorde at klassa nytta seg av alternative innsamlingsmetodar.

Frå venst­re: Victoria Brek­ke Bostad, Noah Sævik og Gabriel Bøe Mol­tu.   Foto: Josefine Spiro

– Vi sprang nede på banen, og så fekk vi velje sponsorar. Vi fekk til dømes 20 eller 10 kroner for kvar runde vi sprang, og så tok vi med pengane på skulen, seier Victoria.

Elevane har også samla tomflasker og panta dei.

Noah har bidrege på sin eigen måte.

– Eg har designa strikkeoppskrifter og selt dei, fortel han.

Heilt konkret har Noah laga strikkeoppskrifter til vottar som mora hans har strikka. Både vottane og oppskriftene har ligge til sals både på Studio Lun i Fosnavåg og på nettet. Desse åleine har gitt 700 kroner til potten.

Totalt har elevane samla inn 7.329 kroner, som dei leverte til banken tysdag.

– Vi hadde sjølvsagt ønska at det var mykje meir, men vi håper at det som er samla inn kan kome ungane i Morialeiren til gode, seier Nerem Moltumyr.

Viktig lærdom

Der er elles eit anna viktig aspekt ved aksjonen som ikkje har noko med sluttsummen å gjere.

– Vi synest det er viktig at elevane lærer å tenkje på andre enn seg sjølve med tanke på omsorg og empati for andre, nestekjærleik og å vere medmenneske. Kvalitetar som dette bør stå høgt i samfunnet, avsluttar Nerem Moltumyr.