Herøy vidaregåande skule får halde fram som i dag

Herøy vgs. har i samarbeid med Havila Holding AS søkt om eit YSK-tilbod innan reiseliv. No skal utdanningsutvalet ta opp fylkesstrategien for tilbod i den vidaregåande opplæringa, og her er ikkje ei ny linje tilrådd. På den andre sida ser det ut til at dagens tilbod består.

Tilboda held fram som i dag: Fram til det vert ny runde i samband med ny Vidaregåande skule i Ørsta ser det ut til at utdanningstilboda blir som dei er ved Herøy vidaregåande skule per i dag. Eiga reiselivslinje ser derimot ut som eit ønskje som ikkje blir oppfylt.   Foto: Arkiv / Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Kompetansesjefen viser til vedtaket i fylkestinget 2019 om kapasitet og driftsnivå i vidaregåande opplæring der berre YSK-tilbodet på Haram vgs. vart vidareført.