Dermed gjentok Herøy bedrifta frå 2014, då same heider vart tildelt kommunen.
Denne gongen var det Herøy og Molde som kjempa om den gjeve tittelen.
- UFT-delegatane frå dei to nominerte kommunane fekk 15 minutt til å presentere kommunen sin og fortelje kvifor akkurat deira kommune fortente å bli årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Etter voteringa stakk altså Herøy med den gjeve sigeren., heiter det frå fylkeskommunen.
Medverknad og tiltak
Ungdomsrådet i Herøy har i si eiga lansering til prisen forklart at heimkommunen legg godt til rette for ungdomsrådet.
Dei opplever å ha innflytelse på kommunen, og dei får bidra til ung medverknad. Herøy ungdomsråd har fått gehør i mange ulike saker, der synspunkta deira veg tungt.
Det dei også har opplevd som særs viktig er ungdomsfritidsordninga UFO.
- Det handlar om å skape gode møtestader for ungdom, møtestader som bidrar til eit meir allsidig fritidstilbod.
Kva inneber prisen?
Kvart år kårar ungdommens fylkesting årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.
Prisen skal i fylgje arrangør gå til ein kommune som har utmerka seg ved å legge til rette for ungdommar gjennom medverknad, skape gode møteplassar, bidra til eit allsidig fritidstilbod, eller på anna vis har gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen.
Prisen består av ein diplom og 10.000 kroner som vil gagne ungdom i kommunen.
Vi gratulerer!