Mesteparten av budsjettprosessen går bak stengde dører, men noko veit vi:

Tøffe budsjettkutt i vente for Herøy kommune

I tillegg til ei rekke kutt innanfor helse og omsorgssektoren vil kommunedirektøren kutte i lærlingplassane i 2021. Han vil også starte på nedskjeringane innanfor oppvekstsektoren, der også skulestrukturen kan bli endra på sikt.

STORT GAP: Kom­mu­ne­di­rek­tør Trond Arne Ag­len ori­en­te­rer her for­mann­ska­pet om eit bud­sjett­ar­beid der det er eit stort gap mel­lom inn­tek­ter og ut­gif­ter. I det som frå Ag­len si side er eit føre­bels for­slag til bud­sjett og øko­no­mi­plan, ser vi at det er lagt opp til ein del kutt, sam­stun­des som ein må bru­ke opp mes­te­par­ten av dis­po­si­sjons­fon­det for å kome i ba­lan­se.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Under såkalla «strategisamlingar» legg kommunedirektør Trond Arne Aglen i desse dagar fram sine kuttforslag for Herøy-politikarane. Med det Vestlandsnytt veit har det vore halde minst to slike samlingar dei siste vekene, begge utan at verken ålmenta eller pressa har hatt tilgang til møta. Den siste samlinga fann stad tysdag, i forkant av denne vekas formannskapsmøte.