Endå meir koronasmitte i Sande

Torsdag kveld melder Sande kommune at ein utanlandsk person har testa positivt for korona.

Covid-19: Det har vore mange smittetilfelle i Sande siste vekene. 

Nyhende

Det er ein person som kom reisande frå utlandet onsdag kveld som no har fått påvist koronasmitte.

Tre utanlandske arbeidarar kom reisande, og vart testa på flyplassen då dei kom. Sande kommune opplyser at den smitta er sett i isolasjon, medan dei to reisekameratane er sette i karantene.

- Dei har ikkje hatt kontakt med andre sidan dei kommunen, og er testa på nytt i dag, informerer Sande kommune.

Det er berre to dagar sidan førre påviste koronasmitta person i Sande, og vi kan trygt konstatere at det har vore ein auke i talet på koronasmitta i Sande dei siste vekene.


Endå eit smittetilfelle avdekt i Sande

Tysdag kveld opplyser Sande kommune om endå ein person som er smitta av korona.



Korona-situasjonen i Herøy og Sande:

Nye smittetilfelle onsdag kveld

Sande kommune har identifisert 14 nærkontaktar etter dei to som vart stadfesta smitta av Covid-19 tysdag. To av dei er stadfesta smitta. I Herøy har to utanlandske arbeidarar testa positivt for koronaviruset.



To nye smitta i Sande

Sande kommune fekk tysdag kveld melding om at to nye personar i Sande er smitta med koronaviruset.



Nytt smittetilfelle i Sande - kom frå utlandet

Onsdag morgon er det stadfesta eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Sande. Personen kom frå utlandet, blei testa på flyplass og fekk positivt prøveresultat onsdag, melder Sande kommune.



77 verftsarbeidarar pålagde isolasjon i brakkerigg

Krisestaben i Sande har onsdag ettermiddag gjort eit dramatisk vedtak: Rundt sytti utanlandske arbeidarar som bur i ein brakkerigg, er sette i isolasjon på grunn av frykt for fleire koronasmitta.



Nytt koronatilfelle i Sande

Ein person som oppheld seg i Sande har testa positivt for covid-19, melder Sande kommune onsdag morgon.