Mara Parr på forfattarbesøk i Herøy og Sande – barnebokbad med elevar på Bergsøy skule:

– Det var litt Simon og Dagny sin feil at eg skreiv ei bok til

I haust har 5.-, 6.- og 7.-klassingar på ei rekkje skular i Herøy og Sande lest boka «Keeperen og havet». No har dei også møtt forfattaren.

Bok­bad: Forfattar Maria Parr vert in­ter­vj­ua av Sander Makipera Vike, Kas­per Hjort­haug Frant­sen og Aman­da Johansen Myrhol, som re­pre­sen­te­rer klas­se 7B. Med res­ten av klas­sa og 6. trinn som pub­li­kum i sa­len, in­ter­vju­ar dei henne om boka «Kee­pe­ren og ha­vet», i til­legg til å kome inn på flei­re in­te­res­san­te per­son­le­ge spørs­mål.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Likar du fotball?

Kasper Hjorthaug Frantsen sitt spørsmål fell berre nokre sekund etter at han, dei to andre 7.-klassingane på scena og heile publikumsgjengen i gymsalen på Borga har fått vite at Maria Parr har ein katt som heiter Julius og et ullklede. Han finn dei dyraste kleda familien eig og et dei opp. Veldig irriterande.

Kasper har også ein katt, Missy, som for det meste berre et kattemat, men ved eit eingongstilfelle fekk han i seg ostepop og fekk mageproblem.

7.-klassing: Kasper Hjorthaug Frantsen.  Foto: Josefine Spiro

Men tilbake til det siste fotballspørsmålet, som i grunnen er meir relevant i dette barnebokbadet med forfattaren frå Fiskå.

– Ja, eg likar fotball. Eg er ikkje så god som eg har trudd heile mitt liv, og så synest eg det er kjedeleg å sjå på – men eg likar å spele.

– Var det difor du skreiv om fotball i boka?

–Ja, litt. Då eg var så gammal som Trille og Lena (hovudkarakterane, red. mrk), var i «Keeperen og havet», så var fotball ein stor del av livet mitt, seier Parr og held fram:

– Eg trur ikkje det er slik no, men då eg var lita, så syntest eg det var litt irriterande at det var gutane som vart satsa på heile tida. Dei fekk dei beste trenarane og det beste opplegget. Difor hadde eg lyst til at i boka så skulle Lena vere litt utsett for ein sånn idiot som ikkje forstod at jenter også kan spele fotball.

– Var du keeper då du var ung?

– Ja, eg var keeper éin sesong, men eg var veldig tynn, og så var det nokon som skaut litt hardt. Då berre braut eg handa. Det var slutten på den keeper-karrieren.

Barnebokbad

Slik fungerer det altså; Dei tre elevane på scena, sjuandeklassingane Sander Makipera Vike, Kasper Hjorthaug Frantsen og Amanda Johansen Myrhol stiller spørsmål dei har funne på i lag med klassa si i forkant. På den måten får dei ein interessant samtale med forfattaren, som publikumet også har glede av. Tilskodarane skjønar godt kva dei pratar om, for alle har lese den same boka.

For­fat­ta­ren: Maria Parr er på ein rund­tur med forfattar­be­søk/bok­bad på ei rek­kje sku­lar i Møre og Roms­dal.  Foto: Josefine Spiro

7.-klassing: Sander Makipera Vike  Foto: Josefine Spiro

7.-klassing: Amanda Johansen Myrhol  Foto: Josefine Spiro

Eit barnebokbad handlar nemleg om mykje meir enn sjølve forfattarbesøket. Eit bokbad er, ifølgje Den kulturelle skulesekken (DKS) som har regien, ein pedagogisk metode for gode leseopplevingar og meiningsfulle samtalar om litteratur, uavhengig av leseferdigheit.

– Det er ikkje arrangementet i seg sjølv, eller storleiken på dette, som er viktig, men kvaliteten på samtalen – og prosessen i forkant, heiter det på barnebokbad.no.

Difor har kontakt- og norsklærar Hege Alstad Steinsvik vore på kurs for å lære å barnebokbade.

Læ­ra­ren: kon­takt- og norsk­læ­rar Hege Alstad Steinsvik har gått kurs for kun­ne hal­de bok­bad på sku­len.  Foto: Josefine Spiro

7. trinn har, i tillegg til å lese boka, vore gjennom ein heil prosess i forkant av intervjuet, der dei mellom anna har vore innom kategoriane; filosofere, spørje ein ekspert, sjå i teksta og bruke fantasien.

– Eg utfordra dei på å finne filosofiske spørsmål, seier Steinsvik.

Men som de skjønar av starten på denne artikkelen, var det rom for alle slags spørsmål, også dei meir personlege som ikkje hadde direkte samanheng med handlinga eller personane i boka å gjere.

Var på 8 skular i Herøy og Sande

Det er ikkje berre Bergsøy skule som har hatt besøk av Maria Parr denne veka. Opplegget er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og skulane.

I Herøy har både Bergsøy, Stokksund, Nerlandsøy, Leikanger, Moltu og Møre barne- og ungdomsskule fått besøk. I Sande har Maria Parr vore på skulane på Larsnes og Kvamsøy.

Etter det Vestlandsnytt har fått opplyst, er det berre Bergsøy og Møre som har hatt lærarar på kurs og difor har kunne køyre heile opplegget i høve til barnebokbad. Det er litt av ein jobb!

Pub­li­kum: 5.-, 6.- og 7.-klassingane del­tok i bok­ba­det. Den første pul­jen, med 6.-klassingane og hal­ve 7. trinn var først ut.  Foto: Josefine Spiro

Til­sko­da­rar: Maria Parr og ele­va­ne på sce­na had­de pub­li­ku­met si ful­le merk­semd un­der hei­le den halv­ti­me lan­ge sam­ta­len.  Foto: Josefine Spiro

Skreiv hemmeleg kapittel

– Har du planlagt å skrive ei bok til?

7.-klassingane på Bergsøy er neppe åleine om å lure på akkurat det. Maria svarer:

– Nei ... Eg hadde ikkje tenkt å skrive denne heller. De veit kanskje kven Simon (Voldsund frå Herøy, red. mrk), som spela Trille i Vaffelhjarte er? Simon og Dagny – var ganske små då dei spela i den serien – dei syntest det var veldig kjekt å spele film, og så sa dei: «Kan du ikkje skrive ei bok til, så vi får spele meir film?». Eg sa nei, men då vi hadde premiere, så hadde eg laga eitt hemmeleg kapittel om korleis det gjekk vidare, som kvar av dei fekk på ein minnepenn. Då eg sat og skreiv det, så var det så herleg å skrive om Trille og Lena igjen. Difor er det litt Simon og Dagny sin feil at det vart ei bok til. Men no er dei altfor store til å kunne spele film.

– Har du tenkt til å skrive andre bøker då?

– Det håper eg, men det er ganske vanskeleg å skrive bøker. Eg prøver heile tida.

Amanda, Sander og Kasper er einige om at det er kjekt å møte Maria, og då Vestlandsnytt trefte dei fire på biblioteket under ein innleiande samtale før arrangementet i gymsalen, passa forfattaren på å skryte av dei:

– Dei er tøffe og flinke, og dette er utruleg privilegert for meg.

Føre­bu­ing: Før bok­ba­det møt­te Maria Parr dei ele­va­ne som skul­le in­ter­vjue ho, slik at dei vart litt kjen­de og ho vart føre­budd på spørs­må­la.