Herøy sitt eldste idrettslag er 100 år – her er eit lite tilbakeblikk:

– Det er imponerande å sjå kva bygdefolket har fått til

Den 5. november 1920 vart «Gurskøy Idrottslag» skipa i den gamle skulestova på Leikong. I dag, 100 år seinare, står jubilanten framleis stødig som ein bauta i bygda, og eldsjelene i klubben hyllar engasjementet som har vore lagt ned i ei årrekkje.

Leier etter meir dokumentasjon: I samband med jubileet er gjengen i idrettslaget i gang med å samle inn bilete og anna dokumentasjon frå lagets lange historie. Til den offisielle feiringa neste år vil dei nemleg lage eit jubileumshefte. Dei set derfor stor pris på om nokon sit på historisk materiell. F.v.: Otto Jøsok, Kjetil Jøsok, Per Ronald Knutsen og Per Ola Kleppe 

Nyhende

– Det er imponerande å sjå kva bygdefolket på Leikong har fått til opp gjennom dei åra vi har hatt klubbaktivitet på øya. Det er berre å bøye seg i støvet. Lista over folk som fortener heider for innsatsen er lang.