– Vil at enda fleire skal få fiber

Tussa stoppar ikkje fiberutbygginga sjølv om ni av ti på Søre Sunnmøre no kan kople seg til fibernettet.

2500 kilometer: Tussa har allereie lagt fiber tilsvarande strekninga frå Lindesnes til Nordkapp.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Sidan fyrste spadetaket for 11 år sidan, har Tussa lagt 2500 kilometer med fiberkabel og investert 650 millionar kroner, noko som svarar til strekninga frå Lindesnes til Nordkapp. Men Tussa vil ikkje stoppe med det.