Bokmelding:

Folk og Fortid 2020 er klar

For 57. gong kan Herøy Sogelag presentere årsskriftet, – som vanleg spekka med godt og variert lesestoff frå nærområdet vårt.

Marit Eiksund sin framside-illustrasjon syner litt av dramaet som fann stad i Nordishavet ei februarnatt for dryge 31 år sidan. 

Nyhende

Mellom dei mange interessante artiklane, må eg nemne spesielt den som handlar om ein særs dramatisk redningsaksjon ved Svalbard i 1989. Trålbasen på M/S Ocean Trawler hadde vorte hardt skadd i ei arbeidsulukke om bord og skulle fraktast med helikopter til sjukehuset i Longyearbyen. Den turen gjekk slett ikkje som planlagt ...

Marit Eiksund sin framside-illustrasjon syner litt av dramaet som fann stad i Nordishavet denne februarnatta for dryge 31 år sidan.

Nemnast må òg Hilde-Gunn Ommedal si tekst om oppveksten «i Våja» i etterkrigstida. Ungar av i dag vil nok ha vondt for å forstå at det gjekk an å ha så mykje moro med så få knappar å trykkje på! Mykje vatn har rent i havet sidan då, og Fosnavåg (og verda elles) er mest ikkje til å kjenne att!

Det er no 100 år sidan vikingtidsfartøya vart avdekte i torvmyra på Kvalsund. Dette er sjølvsagt omtala, godt illustrert med foto frå utgravingsarbeidet. Professor Haakon Schetelig leia utgravinga, og han hadde mange godord til og om grunneigaren Johannes J. Kvalsund, for stor velvilje og mykje god hjelp.

På Runde song dei i kor for 140 år sidan – og dei held på framleis!

Alle artiklane er gjennomgåande rikt illustrerte, og som kjent, kan eit godt bilete gi minst like god informasjon som mange ord.

Redaksjonen skal elles ha honnør for godt språk og stødig korrektur – slikt gjer leseykta endå meir triveleg!