Ungdomsbedrifta «Ferdig pakka» har utfør si fyrste levering:

No blir det varm mat på barna to gongar i veka

Der var i grunnen berre eitt punkt Gnist Myklebust skåra litt lågt på i foreldreundersøkingane. Løysinga vart kokkeelevane på Herøy vidaregåande skule.

Ungdomsbedrift: Dei 11 elevane på VG1 Restaurant- og matfag har starta ungdomsbedrifta, «Ferdig pakka», og tilbyr levering av mat på bestilling. Her ser vi Emma Lande Berge (16), Noah Øvrebø (16) og Astor Gjerde (16).  Foto: Josefine Spiro

Ungdomsbedrift
  • Tilbod gjennom Ungt entreprenørskap, som er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølve.
  • Ungdomsbedrift (UB) byggjer på prinsippet om å lære ved å gjere. I løpet av skuleåret, skal elevane bruke kunnskap frå mange fag på ein praktisk måte. Med på laget har dei lærar og mentor frå lokalt arbeids- og næringsliv.
  • Kjelde: Ungt entreprenørskap
Nyhende

Dufta sig inn i nasebora våre i det vi opnar døra inn til skulekjøkkenet på Herøy vgs. Fiskebollar i kvit saus. Det er passeleg kost for ein gjeng svolne småbarn.

Elevane er nesten klare til å levere maten; dei skal berre få han over i bakkane og termokassane som ligg klare på kjøkkenbenken.

Alexander Rabben (16) klistrar grøne Post it-lappar på termokassane. «Nerlandsøy» står det på den eine; det er namnet på avdelinga han skal leverast til i barnehagen. Det vert spennande å sjå om dei har berekna nok mat.

Klar for levering: Alexander Rabben triller ei tralle med to ferdig pakka termokasser til matheisen som skal føre leveransen ned til kunden som ventar i underetasjen.  Foto: Josefine Spiro

Heiv seg rundt

Avtalen mellom ungdomsbedrifta og barnehagen kom på plass i rekordfart, etter at leiar Ann-Kristin Bøe Myklebust ved Gnist Myklebust tok kontakt etter eit møte førre veke.

– På foreldreundersøkingane våre har vi skåra litt lågt på mat. Mange foreldre ønsker at barna skal få varm mat kvar dag – men om vi skulle ha laga det sjølve, ville det ha teke tid frå ungane, fortel ho.

Så kom barnehagen på at dei kunne høyre med Herøy vidaregåande om det var råd å få til eit samarbeid. Dei var positive – og var klare til å levere allereie dagen etter.

– No skal ungdomsbedrifta levere til oss kvar tysdag. I tillegg lagar vi varm mat sjølve éin gong i veka. Såleis blir det iallfall varm mat på barna minst to gongar i veka, seier Bøe Myklebust.

Godt med varm mat: Tysdag fekk barna i Gnist barnehage på Myklebust levert sitt første varme måltid frå VG1-kokkeelevane ved Herøy vidaregåande skule: Fiskebollar med potetar, raspa gulrøter og kvit saus. Her ser vi ei gruppe rosaruss bli servert. 

Tek seg av heile drifta sjølve

At restaurant- og matfagelevar ved HVS startar ungdomsbedrift er ikkje noko nytt; faktisk er det ein del av undervisninga. Men med den pågåande pandemi-situasjonen, var det usikkert kva årets VG1-kull skulle finne på. Difor passa det godt å få eit samarbeid med barnehagen rett i hendene.

– Dette er den lovlege måten vi kan selje mat på, seier klassekontakt og faglærar Tone Tjervåg.

Bedrifta har fått namnet «Ferdig pakka». Ikkje berre skal elevane stå for den reint praktiske biten med planlegging, innkjøp, kokkelering og levering av mat – dei skal også styre med økonomi, føre rekneskap, drive marknadsføring og syte for at drifta er berekraftig, i tillegg til fleire andre viktige oppgåver.

– Dette krev mykje av elevane, men dei lærer masse – utan at dei kanskje veit det sjølve, smiler Tjervåg.

Bedrifta vert lagt ned i mai når skuleåret nærmar seg slutten. Innan den tid kan elevane ha omsett for inntil 150.000 kroner.

Fekk enkle instruksjonar

Barnehagen har gitt «Ferdig pakka» nokre stikkord om kva type mat dei ønskjer seg:

– Den skal vere varm og sunn, og så har ein tenkt at dei kanskje skal lage til ein meny etter kvart, seier Bøe Myklebust.

Maten i denne første leveringa var både varm, sunn og god, men enkelt – med fiskebollar – ettersom bestillinga kom berre éin dag i forkant.

Fall i smak

Nokre minutt seinare sit barna i barnehagen ved ferdig dekka bord inne på avdelingane og ventar på lunsjen. Vi tek oss først ein tur til ein gjeng 3- og 4-åringar. Reaksjonane deira då dei ser maten er delte.

– Ej lika’kje potet, seier ein met bekymra mine.

– Ej gjer! seier ein annan, som dessutan gjerne vil ha raspa gulrøter og mykje kvit saus.

Dei minst skeptiske er nok barna på småbarnsavdelinga, som ser ut til å ete det dei får servert utan «å grine på nasen».

Nam: Det vert nesten ikkje noko søl rundt fatet til vesle Charlie Myklebust Myrhol (1,5).  Foto: Josefine Spiro

Også rosarussen ser lukkelege ut over å ha fått varm mat på fata sine. Ein av dei med verkeleg god appetitt er Falk Kopperstad (5).

– Det var kjempegodt, seier han, framleis med litt mat i munnen.

– Eg skal ha meir.

Svolten: Falk Kopperstad (5) hiv i seg første porsjon på nokre minutt: – Kjempegodt. Eg skal ha meir, seier han.  Foto: Josefine Spiro

Rosaruss: Mathilde Voldnes Kvalsvik og Ask Relling et med god appetitt.  Foto: Josefine Spiro

Theo Baciu og Aronas Mazonas.  Foto: Josefine Spiro