Helse vs. behovet for arbeidskraft

Tusenkronersspørsmålet er kor sterkt ein skal vege faktorane mot kvarandre, skriv redaktør Endre Vorren.
Nyhende

Siste tida har talet på koronasmitta blussa kraftig opp her til lands. Utviklinga lokalt speglar det vi ser nasjonalt. Berre dei seinaste dagane har det blitt registrert fleire nye tilfelle av koronasmitta personar som bur i vår region og våre kommunar. Veldig mange av desse kjem reisande frå utlandet for å gjere jobben sin i ulike bedrifter i nærområdet.

Tusenkronersspørsmålet er kor sterkt ein skal vege faktorane mot kvarandre. Dei aller fleste verkar samde om at det bør gjerast fleire tiltak for å redusere smitterisikoen. På den andre sida er det ei kjensgjerning at det meste av industrien er heilt avhengig av arbeidskraft utanfrå, og hovudsakleg snakkar vi om Polen og dei baltiske landa.

Nokre vil gå så langt at dei stenger grensene heilt, med vising til at veldig mykje smitte blir drege over landegrensene. Det er eit særs ytterleggåande steg å ta. Det fører til at mange av hjula som syter for at AS Norge går rundt, stoppar opp.

Å teste alle som kjem reisande frå utlandet vert også for omfattande, meiner mange. Likevel spørst det om eit slikt absolutt krav bør kome, sjølv om det vil vere både kostnadskrevjande og ta relativt lang tid.

Ein må så langt det let seg gjere unngå at dei tilreisande – på turen fram til arbeidsstaden/bygda – bruker kollektivtrafikk eller «menger seg» med folk. Her må det vere ei form for slusing av tilsette, før ein etter karantene og til dømes to negative testar kan møte på jobb igjen.

Både fastbuande og den viktige tilreisande arbeidskrafta må kjenne seg trygge på at det går an både å arbeide og fungere i samfunnet utan å vere i overhengande smittefare.