Fredag: Nok eit smittetilfelle i Sande

Kommunen bed innbyggjarane til å vise omsyn og halde avtsand.

Korona Covid-19 

Nyhende


Oppdatering 30.10.20 kl 21.00:

Det er ingen smitte påvist blant kormedlemmar eller nærkontaktane til vedkomande som testa positivt for Covid-19 i Sande fredag.

- I dag har vi fått melding om eitt nytt smittetilfelle i Sande. I samband med dette har eit kor vorte testa for Covid-19, og alle medlemmane ventar no på prøvesvar.

Det skriv Sande kommune på sine heimesider.

- Frå 21.oktober til 29. oktober har vi, som tidlegare meldt, fått stadfesta fem personar med Covid-19 i Sande. Desse personane er utanlandske arbeidarar som no får hjelp av arbeidsgjevar. Smittesporing og testing har gått føre seg fortløpande og nærkontaktar har fått tydeleg informasjon om korleis dei skal forhalde seg, heiter det vidare.

Tilsaman 30 nærkontaktar er i karantene og kormedlemmane er er også førebels i karantene som eit sikkerheitstiltak.

- Med så mange smittetilfelle på kort tid, ser vi at smittefaren kjem nærare inn på oss - med smitte frå utland og frå nærmiljø.

Kriseleiinga bed om at alle no tek på alvor dei enkle men viktige smittevernsreglane:

  • Hald avstand
  • Vask hender
  • Ver heime om du er sjuk

Korona-situasjonen i Herøy og Sande:

Nye smittetilfelle onsdag kveld

Sande kommune har identifisert 14 nærkontaktar etter dei to som vart stadfesta smitta av Covid-19 tysdag. To av dei er stadfesta smitta. I Herøy har to utanlandske arbeidarar testa positivt for koronaviruset.