Fortvila hytteeigar i Grønhaugen:

Pålagt å rive ein meter av hyttetilbygget

Etter at Herøy kommune sa nei til å dispensere frå avstandsreglane, og ikkje ville tillate bygging heilt inntil eigedomsgrensa, har hytteprosjektet blitt eit mareritt for Randi Urke.

ubrukeleg: – Om vi må rive tilbygget herifrå og ut vil hytta bli ubrukeleg slik den er planlagt og snart ferdig innreidd, seier Randi Urke. Ho meiner Herøy kommune kunne ha vist større vilje sidan det er opning for å bruke skjøn i slike saker. 

Nyhende

Hytta det gjeld ligg i eit uregulert utmarksområde i Grønhaugen på Bergsøya og var berre 25 kvadratmeter stor då Randi Urke frå Ulsteinvik fekk ho i arv frå mor si.