Legestreiken råkar kvelds og helgelegevaktene hardt i Herøy og Sande:

- Krevjande og uheldig med ein pågåande pandemi

Frå måndag av går tre legar i Herøy ut i streik, noko som gjer utslag i vaktlistene for kvelds- og helgelegevaktene i kommunen, også for Sande.

Runa Bakke og Trond Arne Aglen: Avdelingsleiar for barn, familie og helse og kommunedirektøren meiner legestreiken er krevjande og dei er uroa over kva konsekvensar den kan få. - Vi mener dette ikkje er forsvarleg, seier dei to.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi ser på dette som krevjande. Det er ein sårbar og viktig teneste som blir råka av streik, seier kommunedirektøren i Herøy, Trond Arne Aglen, om situasjonen som no har oppstått med legestreik i kommunen.