No startar influensavaksineringa

Personar som er i definerte som risikogruppe blir prioritert først. Dei kan ta kontakt med fastlege for å få sett vaksinen på legekontoret. Pasientar som har time med fastlegen sin i oktober/november kan ta vaksine når dei er inne på legetimen.

Leiande helsesjukepleiar Kari-Janne Ljones Kulø og jordmor Elise Mikalsen Vågsholm viser fram influensavaksina. 

Nyhende

Det skriv Herøy kommune i ei pressemelding.

Avtal tid på førehand

I tillegg til vaksinering ved Myrvåg legesenter og Herøy legesenter, vert det vaksinering på helsestasjonen på Eggesbønes på utvalte datoar, og ein må ringe for timeavtale på førehand.

- Vi tilrår at alle i risikogrupper vaksinerer seg, seier Kari-Janne Ljones Kulø, leiande helsesjukepleiar.

Kvifor så viktig å vaksinere seg?

Influensavaksinen er berre effektiv mot infeksjon forårsaka av influensavirus, og vil ikkje beskytte mot Covid-19.

- Vaksinering er likevel viktig for å unngå alvorleg influensasjukdom, redusere risikoen for dobbeltinfeksjon med influensa og covid-19, unngå at helsepersonell blir sjuke på grunn av influensa, og for å hindre at influensaepidemien ytterlegare forverrar situasjonen i helsetenesta, forklarar Ljones Kulø.

Kven er i risikogrupper?

1. Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko.

2. Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim.

3. Alle frå fylte 65 år.

4. Barn og vaksne med:

  • diabetes type 1 og 2
  • kronisk lungesykdom, hjerte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsatt immunforsvar som følge av sykdom eller behandling av sykdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sykdommer)
  • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
  • annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege