Vellukka kunst- og handverksmesse på Leikong:

– Bygda treng litt liv

I helga inviterte lokale eldsjeler til kunst- og handverksmesse på Leikong. Arrangørane gler seg over at Leikanger kyrkjelydshus no har fått litt nytt liv i seg.

Pustar liv i kyrkjelydshuset: Monica Sætre og Sølvi Skogen Nykrem i styret for Leikanger kyrkjelydshus håper dei framover vil kunne ta i bruk huset endå meir.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kontor i bygget: Den lokale kunstnaren Vera Urban har fått seg kontor i bygget. Hå håper å etter kvart arrangere målarkurs i bygda. 

Nyhende

– Tanken var fyrst og fremst å skape litt engasjement i bygda, for ho treng litt liv som dette. Dessutan er vi opptekne av å marknadsføre moglegheitene som vi har her på huset og vise fram dei lokala vi no har laga til i andre etasje.