Opna sitt nye kunstkonsept, «Kunstmaskina», i Fosnavåg:

Vil utvide bybildet

Søndag opna lokalkunstnarane Anita Reite Onen og Joanna Pawliczuk si nye kunstsatsing i Voldnes-bygget inst i Ura i Fosnavåg. Med denne håper dei å skape ein lokal attraksjon og inspirasjonsarena.

Kunst på utstilling: Her ser vi (f.v.) Gry Nerland, Joanna Pawliczuk og Anita Reite Onen. Dei tre lokale kunstnarane har alle utstilt sine verk i det nye galleriet. Dei håper nyetableringa vil vere inspirerande for både lokale og tilreisande.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi har gleda oss veldig, så her er det berre glede å rapportere. Det er veldig kjekt at alt har fungert så bra som det har gjort og at vi har kunne opne slik som vi no gjer.