Førebur seg på nye lovendringar i barnehagane – dette er det de må vite: – Har eit godt grunnlag

Over nyttår får vi nye lovendringar som ein vonar skal trygge omsorgsmiljøet i norske barnehagar endå meir. I Herøy er ein godt i gang med implementeringa, og ein førebur no lokale barnehagar på korleis endringane grip inn i den daglege drifta.

Rosar Herøy-Barnehagane: Elisabeth Warpe og Grethe Dalhaug i Herøy kommune meiner grunnlaget er godt i Herøy-barnehagane før ein no skal rette seg etter nye lovparagrafar i barnehagelova. Her poserer dei med deira heilt ferske plan for korleis dei lokale barnehagane skal stelle seg til lovendringane. – Det er viktig at vi har eit fellesrammeverk for å sikre lik behandling i alle barnehagane, poengterer dei to. 

Nyhende

– Fyrst må vi få seie at Herøy-barnehagane, private og offentlege, allereie er gjort eit framifrå arbeid når det kjem til å skape gode og inkluderande miljø. Vi har eit godt grunnlag å arbeide utifrå, og såleis blir ikkje dette veldig store endringar.