Nytt smittetilfelle i Sande - kom frå utlandet

Onsdag morgon er det stadfesta eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Sande. Personen kom frå utlandet, blei testa på flyplass og fekk positivt prøveresultat onsdag, melder Sande kommune.

Korona Covid-19 

Nyhende

Personen kom saman med andre i reisefølge og har vore i karantene saman med desse sidan 16. oktober. Personen har ingen symptom. Smittevernteamet jobbar vidare med situasjonen, heiter det frå kommunen.