Dei koronasmitta er no friskmelde i Herøy - ingen nye tilfelle

Alle fem personane i Herøy som testa positivt for Covid-19 i slutten av september og starten av oktober, er no friske og har avslutta sin isolasjon, melder smittevernoverlegen i Herøy.

Koronavirus:   Foto: CDC, Alissa Eckert

Nyhende

Kommunen kan elles opplyse om at det så langt ikkje har kome meldingar om nye personar som har testa positivt til no i oktober.

Det er derimot motteke melding om at ein person som er folkeregistrert i Herøy, men bur og oppheld seg annan stad i landet, har testa positivt siste veke.