Tussa-resultatet svekka med nær femti millionar

Etter åtte månader ligg Tussa vel 46 millionar kroner bak fjoråret i driftsresultat.

havari: Kraftstasjonen i Gjerdsvika driv framleis provisorisk etter havari i mai. 

Nyhende

Rekneskapen per 2. tertial viser eit driftsresultat for Tussa-konsernet på 83,3 millionar kroner, mot 129,4 mill. kroner til same tid i fjor. Resultatet før skatt gjekk ned frå 76,9 til 55,9 mill. kroner.