Havila Kystruten vil sleppe å segle med erstatningsfartøy:

- Ikkje behov for full trafikk på kystruta

Havila Kystruten har søkt Samferdselsdepartementet om å ikkje segle med erstatningsfartøy frå januar 2021.

Dei to første av dei nye skipa til Havila Kystruten er klare i løpet av første kvartal 2021.   Foto: Havila Kystruten

Nyhende

Det skriv selskapet i ei pressemelding på tysdag. Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, grunngir det med at koronapandemien og reiserestriksjonar gjer at det er behov for færre skip på kystruta mellom Kirkenes og Bergen frå januar 2021. Slik han ser det, er det ikkje behov for erstatningsskip for Havila Kystruten. Han har derfor anbodet Samferdselsdepartementet om aksept for å ikkje bruke erstatningsfartøy.