Så mykje gav innbyggjarar i Herøy og Sande til TV-aksjonen 2020

Sande utmerkar seg på fylkesnivå

I Herøy er det til no samla inn totalt 337.125 kroner til årets TV-aksjon. Frå Sande er det kome inn 115.103 kroner, altså heile 46,77 kroner i snitt per innbyggjar. Det meste kjem frå private.

Skuleløp: 7.-klassingar ved Larsnes oppvekstsenter spring til inntekt for TV-aksjonen.  Foto: Privat

Nyhende

Sande hamnar faktisk på 7.-plass av totalt 26 kommunar i fylket i høve til innbyggjartalet. På landsbasis kjem Sande på 70.-plass av totalt 357 kommunar.

Dei største bidraga kjem frå Larsnes skule (29.276 kroner), Sande kommune (10.000 kroner) og Næringsaksjon for TV-aksjonen WWF2020 (500 kroner). Dermed står truleg privatpersonar i Sande for heile 75.327 kroner av dei innsamla bidraga – og det er utan å ha fått ein einaste bøsseberar på døra, for som vi veit var årets innsamling heildigital.

Blåhaugen gav mest i Herøy

I Herøy er det Bergsøy skule, avd. Blåhaugen som har gitt desidert mest. I samband med skuleløpet dei arrangerte tysdag førre veke, samla dei inn heile 51.894 kroner.

Blåhaugen: Som vi ser på bi­le­ta vart det ik­kje ak­ku­rat spart på kref­te­ne un­der det halv­ti­me­lan­ge lø­pet. Li­ke­vel var vi hel­di­ge og fekk sik­ra oss bil­de av no­kre av dei del­ta­kan­de.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Blåhaugen skule set fokus på forsøplingsproblematikken, og onsdag var det …

Full fart for TV-aksjonen

– Det var veldig slitsamt, men det var absolutt verdt det. Både fordi vi får brus og is, men mest fordi vi bidreg til at det blir samla inn pengar.


Fleire andre skular gjorde det også bra, og mellom dei topp 10 bidragsytarane i Herøy, finn vi Einedalen skule (19.550 kroner), Stokksund barne- og ungdomsskule (15.266 kroner), 8. trinn ved YHU (13.349 kroner) og Moltu skule (2.780 kroner).

På topp 10-lista finn vi også Rådhusløpet 2020 (6.255 kroner), Næringslivet i Herøy WWF2020 (1000 kroner) og Rema 1000 Fosnavåg (500 kroner).

Totalt er det samla inn 337.125 kroner til årets TV-aksjon i Herøy. Det gir ein 16.-plass i fylket (26 kommunar) og ein 137.-plass på landsbasis (357 kommunar) i høve til innbyggjartalet.


Klare for samle inn både pengar og søppel i Herøy i samband med årets TV-aksjon:

– Må vere ambassadørar for eit reint hav

Årets TV-aksjon er allereie godt i gang og no håper aksjonskomiteen i Herøy at alle lokale krefter blir med på pengeinnsamlinga, samt den nasjonale ryddeaksjonen.


Du kan framleis gi

TV-aksjonen NRK 2020 gjekk av stabelen 18. oktober. Inntektene går til WWF sitt arbeid med å kjempe mot plast i havet.

Sjølve innsamlinga held fram nokre veker til. På blimed.no kan ein finne fram til sin lokale bøsse, slik at ein bidreg til statistikken i eigen kommune.


Stordugnad frå bedriftene på Mjølstadneset:

– Mest effektive ryddeaksjonen eg har sett

Fire store konteinarar, tilsvarande godt over tre tonn med boss, vart fangsten etter at 150 engasjerte sjeler bestemte seg for å gjennomføre ein real ryddeaksjon på Mjølstadneset denne veka.