Utforkøyring i Aurvågane

Søndag føremidag melder politiet om ei utforkøyring i Herøy.
Nyhende

Uhellet, som vert omtala som udramatisk, skjedde i Aurvågane. Det er litt trafikale utfordringar på staden, vert det meldt.

Fleire stadar i distriktet skal det ha vore glatt vegbane i morgontimane søndag. Det er uvisst kva som er årsaka i dette tilfellet.