Korona på verft må vere marerittet

Eit utbrot på eit skipsverft, med eit tresifra tal arbeidarar innom kvar einaste dag, må vere det reinaste marerittet.

Havyard Leirvik: Verftet opnar igjen med det aller første, men har hatt koronastengt i fleire veker.  Foto: Arkiv/David Zadig

Nyhende

Havyard sitt verft i Leirvik i Hyllestad er eit døme på det. I kommunen med berre 1.400 innbyggarar vart det registrert heile 80 personar med koronasmitte. Dei fleste av desse arbeider ved den Herøy-eigde hjørnesteinsverksemda. Verftet vart stengt ned ved månadsskiftet, og er i skrivande stund framleis stengt ned.

Det toppar også situasjonen for eit verft – som til liks med mange andre skipsverft opp og ned langs kysten – var i alvorlege utfordringar allereie før koronaen gjorde sitt inntog.

Ein liknande, om enn ikkje samanlknbar, situasjon har denne veka oppstått i vårt område. Her vart nærare 80 utanlandske gjestearbeidarar plasserte i karantene i ein brakkerigg, etter at ein av arbeidskameratane, som kom reisande med fly frå utlandet, vart oppdaga med koronasmitte.


Havyard stansar aktiviteten ved verftet

Fire tilfelle av koronasmitte i løpet av den siste veka fører til stans i aktiviteten ved Havyard-verftet i Leirvik.


Nøyaktig korleis og kvifor alle på brakkeriggen har blitt definerte som potensielt smitta, kjenner vi ikkje til. Men vi veit at det ligg føre kritiske merknader til korleis dette kunne skje, og spørsmålet er om nokon har teke nokre snarvegar og dermed omgått smittevernregimet. Alle dei 77 var i arbeid ved eit verft i ein annan kommune då arbeidsdagen vart avslutta, og vedtaket vart fatta av krisestaben i Sande: Isolasjon!

Samstundes veit vi at det vert jobba godt og målretta i samarbeid mellom større verksemder i distriktet og det lokale smittevernapparatet. Profittmålet skal ikkje på noko vis gå utover eit trygt og sikkert smittevern, noko vi også trur dei aller, aller fleste arbeider målretta for, kvar einaste dag.

Generelt sett: I den grad det er nokon som ikkje har gått heilt etter boka, bør dette også sporast opp og evaluerast. I enkelte tilfelle kan det – og må det – også kome ein reaksjon.