Eit unikt trekantprosjekt blir presentert:

Norvald med vener klar med "Pandemic Solution"

Søndag inviterer den lokale jazzpianisten Norvald Dahl til konsert saman med to andre eminente jazzmusikarar frå Trondheim. No får Herøy-musikaren endeleg vise fram sin nye musikk.

Norvald Dahl: Pianist Norvald Dahl frå Fosnavåg har nyleg gitt ut sitt tredje album som musikalsk leiar. Dei to siste platene er spelt inn i Fosnavåg Konserthus, der Dahl har halde fleire konsertar. No på søndag inviterer han til nok ein konsert og då lovar han å spele musikk i frå sitt nye album.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Sist gong vi snakka med Herøy-pianisten var like før koronaviruset la ei klam hand over det ganske land. Dahl var då aktuell med sitt siste album, «The Vision», og ein lanseringskonsert var på trappene på Fosnavåg konserthus. Men konsert blei det aldri. Både Norvald og hans medsamansvorne i plateprosjektet, jazz-trommeslagaren Colin Stranahan, blei nøydde til å halde seg heime, som alle andre.