Haugeseminaret i Fosnavåg:

- Må skilje mellom ubehagelege og lovstridige ytringar

Bakgrunnen for årets tema, ytringsfridom, vart forklart ved at Hans Nielsen Hauge var ein person som i si samtid fleire gonger måtte i fengsel for å ha ytra trua og meiningane sine offentleg, ved å invitere til forsamlingar og forkynne, utan at soknepresten hadde gitt løyve til det.

Sentralt knippe: Per Sævik – samfunnsbyggar og grunnleggar av Haugeseminaret – flankert av årets debattantar og foredragshaldarar: Vebjørn Selbekk, Magne Lerø, Hanna Relling Berg og Ruth Wenche Hebnes Vinje.  Foto: Gunnar Wiik

Nyhende

Hauge klarte likevel å formidle synet sitt og verdiane sine, og sette viktige spor i Norgeshistoria gjennom Haugerørsla. Per Sævik og medhjelparane hans er inspirert av både ideala og tenkemåten til Hauge, og hadde fått tak i dyktige foredragshaldarar til å opplyse dei frammøtte i Fosnavåg konserthus.