Kveldsmesse med samtalepartnarar:

Klart for 10-årsjubileum for eit tilbod som har auka deltakinga i kyrkja

Ti år har gått sidan kyrkjeklokkene ringde inn til den fyrste kveldsmessa i Herøy. Søndag vert dette markert med ei eiga jubileumskveldsmesse, der røykelovas far, Dagfinn Høybråten, er gjest.

Fire av dei har vore med sidan starten: Fire av dei som sit i dagens nemnd, Alette Teige, Gunnar Sævik, Jens Terje Johnsen og Ole Arild Bø, har følgt Kveldsmesse-konseptet sidan starten og meiner prosjektet har oppnådd mykje av det som var intensjonen. Dei er elles framoverlente og ønskjer å ta konseptet vidare inn i framtida. F.v. Ole Arild Bø, Alette Teige, Gunnar Sævik, Gerd Kopperstad, Jørgen Kopperstad og Jens Terje Johnsen. (Dette bilete var teke tidleg i mars, då vi eigentleg skulle skrive om jubileet).  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

For ti år sidan møttest fire trufaste kyrkjegjengarar i Herøy, Ole Arild Bø, Gunnar Sævik, Alette Teige og Norunn Stendal Aksnes. Firkløveren kom i prat om gudsteneste-tilbodet lokalt og i kyrkja elles. For dei var det ønskjeleg å etablere fleire arenaer der kristne lokalt kunne engasjere seg, og etter litt drodling seg i mellom bestemte gjengen seg for å bringe fram ei utfordring til soknerådet.