Namnet på den omkomne frigitt

63 år gamle Wenche Flaaen frå Vigra omkom i trafikkulukka på fylkesveg 653 ved Haddal onsdag ettermiddag.

Haddal: Slik var situasjonen onsdag ettermiddag.  Foto: Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten

Nyhende

Det skriv Møre og Romsdal Politidistrikt i ei pressemelding fredag føremiddag. Her heiter det vidare:

- Møre og Romsdal politidistrikt frigir no namnet på den omkomne etter samråd med dei pårørande.


Ein omkom, to alvorleg skadde i trafikkulukke

To bilar kolliderte front mot front i Haddal onsdag ettermiddag.


- To køyrety – med to personar i kvart av dei - var involverte i ulykka. To av desse vart alvorleg skadde, medan ein slapp frå ulykka utan fysiske skadar.

- Det er førebels ikkje klart kva som var årsaka til den tragiske ulykka, men politiet held fram etterforskinga med sikte på å finne fram til ein årsakssamanheng, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle i Møre og Romsdal politidistrikt.