Larsnes skule med normal drift - isolasjonen er oppheva i Gursken

Etter ei lettare nervøs "koronaveke" i Sande ser situasjonen no ut til å normalisere seg.

Korona Covid-19 

Nyhende

Det kan vi slå fast av informasjon frå Sande kommune, som opplyser at isolasjonen på brakkeriggane i Myklebustmyrane i Gursken no er oppheva.

- Sande kommune har ikkje registert vidare smittespreiing og situasjon ved riggen er oversiktleg. Nokre arbeidarar er vidare i karantene då dei er nærkontakter til den som er smitta, heiter det frå kommunen.


77 verftsarbeidarar pålagde isolasjon i brakkerigg

Krisestaben i Sande har onsdag ettermiddag gjort eit dramatisk vedtak: Rundt sytti utanlandske arbeidarar som bur i ein brakkerigg, er sette i isolasjon på grunn av frykt for fleire koronasmitta.


Når det gjeld Larsnes oppvekstsenter, som heldt stengt som eit førebyggande tiltak fredag, opplyser kommunen følgjande:

- God nyheit til elevar, foreldre og lærarar og alle andre! Larsnes oppvekstsenter har vanleg drift frå måndag 19.oktober. Det er ikkje registrert noko smitte hos nærkontaktene med relasjon til skulen, og det blir vanleg skuledag og SFO-ordning på måndag.


Kommunen stenger skule fredag som føre-var-tiltak

Sande kommune melder torsdag kveld at Larsnes oppvekstsenter vert stengt fredag, på grunn av mogleg smittefare.