Lisbeth Nykrem og Anders Vaagen fekk reise heim med premature Aksel etter berre ei veke

Dei første i fylket med fulldigital heimeoppfylging

I staden for å vere opptil fleire veker på Nyfødt intensiv, fekk Lisbeth Nykrem og Anders Vaagen ta med seg vesle Aksel heim til Gursken, der dei fekk digital oppfylging via Skype.

Familien: Lisbeth Nykrem og Anders Vaagen med barna Markus (6), Aksel (1 mnd) og Henrik (4).  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Atmosfæren er fredeleg under det høge taket i familien Nykrem Vaagen si daglegstove i Gursken. Vesle Aksel (1 md.) søv i mamma Lisbeth Nykrem sine armar, i ein stol att med eit vindauge med ei like fredeleg utsikt. I ein sofa nokre få meter unna sit storebrørne Markus (6) og Henrik (4) og slappar av saman med pappa Anders Vaagen. Lyden frå TV-en framfor dei er så låg at vi ikkje legg merke til han. Men hadde han vore høgare, hadde det ikkje forstyrra det vesle nurket.