– Vi er superklar og gleder oss

Laurdag inviterer handelsstanden i «Våje» til eit tradisjonskonsept dei veit engasjerer mykje folk, Fosnavåg i 100.

God erfaring: Handelsstanden i Fosnavåg har god erfaring med tilbodsarrangementet.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Vi er superklar og gleder oss stort til denne dagen. Basert på tidlegare erfaringar veit vi at dette er eit arrangement som brukar å engasjere mykje folk, og det er sjølvsagt positivt for alle i Fosnavåg.

Det seier Maria Sporstøl Leine i handelsforeininga om det lokale handle-arrangementet. Konseptet sin popularitet gjer at ho også ønskjer å minne folk om at det ikkje er uavgrensa mengder av dei varene som er på tilbod.

– Så om ein har sett seg ut nokre tilbod, anbefaler vi at ein ikkje ventar for lenge, seier Sporstøl Leine.

Med mykje folk må ein elles opplyse om gjeldande smittevernreglar også.

– Er du sjuk er du velkomen ein annan gong. Elles er det avstandsmeteren og handvask som gjeld. Vel møtt, skyt ho inn til slutt.