Kommunen stenger skule fredag som føre-var-tiltak

Sande kommune melder torsdag kveld at Larsnes oppvekstsenter vert stengt fredag, på grunn av mogleg smittefare.

Larsnes oppvekstsenter: Det er IKKJE påvist smitte ved denne skulen, men som ein del av føre-var-arbeidet har kommunen bestemt at skulen hels stengt fredag 16. oktober.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

- Larsnes oppvekstsenter vert stengt fredag 16. oktober som eit førebyggande tiltak på grunn av påvist korona-smitte i Sande, heiter det i ei melding frå Sande kommune. Det vert streka under:

- Det er ikkje påvist smitte ved Larsnes oppvekstsenter.

Dermed vert det altså ikkje undervising fredag på skulen på Larsnes. Det vert klokka 19.15 lagt til at einingsleiaren jobbar med å få ut informasjon til heimane om dette.

Sjømann testa positivt

Denne siste informasjonen kjem som ei oppdatering til ei notis kommunen tidlegare torsdag la ut på heimesidene.

Her heiter det:

- Ein sandssokning som skulle mønstre på båt i utlandet, fekk påvist Covid-19-smitte ved testing før ombordstiging. Det pågår smittesporing i Sande og Sande kommune kjem med meir informasjon seinare i kveld

Testing av elevar og tilsette

Skulen sjølv opplyser fredag at nærkontakter til vedkomande med smitte har ein relasjon til Larsnes skule.

Av denne grunn er det sett opp eit løp gjennom fredagen med koronatesting av tilsette og elevar. Alle blir oppmoda om å teste seg-