Helge Ringstad fortvilar etter kommunalt anleggsarbeid

Fekk vatn i garasjen

Etter at kommunen starta på eit anleggsarbeid ved Nykreim-feltet på Leikong for over 6 månadar sidan, skal nærmaste nabo ha fått vatn i garasjen sin fire gongar.

Rann inn hit: Vatnet som rann inn i garasjen til Ringstad heile fire gongar under anleggsarbeidet i vegkrysset ovanfor huset hans, øydela material han skulle bruke til oppussing. – Eg har ikkje nokon annan stad å oppbevare desse tinga, seier Ringstad, som ber dei ansvarlege om å rydde opp etter seg og betale for skadane.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Så snart dei starta å grave, byrja problema. Eg synest dei kan kome og rydde opp etter seg og erstatte det som er øydelagt.