Ungdom ned i tidleg tenåringsalder sel og kjøpar dop:

Politiet åtvarar om Ecstasy i omlaup: - Dette skjer i heile distriktet

Politiet har den siste tida gjort ein del beslag av Ecstasy/MDMA og går no ut med ei bekymringsmelding vedrørane det narkotiske stoffet som er i omlaup. No ber dei foreldre og ungdom om å vere ekstra merksame og melde frå om tilfelle av dopsal i sosiale medium.

Politiet viser mellom anna til dette døme i sitt innlegg  Foto: Politiets Nettpatrjulje i Møre og Romsdal

Nyhende

Det er registrert kjøparar heilt nede i 13-årsalderen, opplyser politiet si nettpatrulje i Møre og Romsdal på Facebook onsdag. I sitt innlegg understrekar dei at det er stor variasjon i utsjånad og stempel på dei ulike ecstasytablettane. Ecstasy er også ofte tilverka og laga på forskjellige vis, og det er derfor også stor variasjon i mengda verkestoff i kvart enkelt parti. Det fører i tur til større risiko for å ta overdose, åtvarar politiet.